Om Fjellstyret

Fjellstyret si verksemd er heimla i fjellova.

Det er kommunestyret som vel medlemma i fjellsytret, men dette er likevel eit frittståande organ med eigen økonomi.

Fjellstyret skal administrera bruken og utnyttinga av rettar for statalmenningen så sant ikkje anna er fastsett i eller i medhald av lov. I hovudtrekk omfattar dette bruksrettar knytt til jordbruk ( stølar og beite ) og rettar til jakt, fangst og fiske. Det er Statskog som står som eigar av allmenningen og styrer med grunnen, fjellstyret forvaltar det som rører seg, kort fortald så skal fjellstyret legge til rette for JAKT, FISKE OG FRILUFTSLIV.

Ifølge fjellova skal fjellstyret arbeide for at statsallmenningen vert nytta på ein måte som fremjar næringslivet i bygda, og tek vare på naturvern og frilufttsintressene.

Medlemmer i fjellstyret:

Leiar: Magnar Viga

Nestleiar: Trond Laugaland

Skrivar: Dorthe Magnus

Kasserar: Johannes Soppeland

Feltansvar: Trond Laugaland

Styremedlem: Torunn Munthe