Utleiehytter

Det ligg tre hytter i allmenningen, fjellstyret eig to av dei : Blåfjellhytta og Fossen. Stavanger Turistforening har hytte ved Eidavaten som ligg ved merka sti mellom Nilsebu og Storsteinen.

Prisar overnatting: 200 pr pers, 400 for familie. Ingen reservasjons mulighet. Betaling til kontonr: 3353.13.68423.

BLÅFJELLHYTTA
Blåfjellhytta ligg mellom Skudevatten og Nedre Sandalsvatten, hytta vart bygd i slutten av 1920 åra av Stavanger Turistforening. Det var ingen helikopter på den tida og materiala vart frakta inn Jøsenfjorden til Førre. Deretter var det nokre karar frå bygda som tok arbeidet med å frakte det inn til Skudevattenet for 3 kroner kiloen. Først på ryggen til dei var på heia ca 1000 moh, også vidare med skikjelke som dei drog etter seg. Dette vart gjort på seinvinteren når snøen bar og det var god is på vatna. Hytta er seinare bygd om og sist restaurert i 1996 av fjellstyret som og overtok hytta i 1976 av STF. Dei hadde då lagt om rutenette pga kraftutbygginga Ulla Førre.

På hytta er det sengklede, ved og propan. Hugs lakenpose/ sovepose. Hytta står open heile året.
Fjellstyret bygde i 1985 eit uthus med to senger, som og er sikringsbu.

Adkomsten er på nødla sti frå Førrevassdammen 5 timar eller Funndingsland 8 timar. Hytta ligg ved regulert vatten og med vannstand i Blåsjøen på kote 1042 kjem du inn til hytta med båt frå Førreskardammen.

FOSSEN
Dette er frå gammalt av ei lita jaktbu, som er oppsett av bygdafolk i Jøsenfjordalføre lenge før det vart statsallmenning. Den gang låg hytta mellom Undeknutvattenet og Andravattenet like ved fossen, derifrå har den fått navnet.
Den første hytta brant opp og ny vart bygd på samme stad i 1926.

Under Ulla Førre utbygginga vart hytta flytta pga oppdemming, hytta vart bygd på og har 4 senger, ved og propan. Hytta er open heile året.